NATO – når bryt alliansen saman?

 

Dei fleste vil ta denne overskrifta som utopisk. Men det er fleire teikn på at så kan skje.

1.NATOs politikk i den muslimske verda har hatt ein nærast total kollaps. Hovudfokuset her var Irak. Bush/Blair rekna med at dei lett skulle kunne etablere eit Nato-vennleg regime i Irak da dei gjekk til krig og fjerna Saddam Hussain. Dei fekk eit tredelt Irak der dei har lite kontroll med dei to delane som har eit fungerande styre. Og den siste delen reagerte med å slutte seg til Al Qaida og ISIL og let seg ikkje kontrollere av NATO. NATO trudde dei kunne pasifisere dei ved å bruke dei mot uavhengige Assad. Men har no tapt den borgarkrigen dei sette i gang, fordi denne reaksjonære arabiske nasjonalismen går sine eigne vegar og har som mål å ta knekken på alt verdsleg styre og alle muslimar som går andre vegar enn dei sjølv. Libya hadde alt før vorte katastrofal for NATO, og det same skjer i dag med Afghanistan. NATO har og skapt seg mistillit i Pakistan og fiendar i heile Nord-Afrika. Tyrkia og Saudi-Arabia er framleis NATO-styrte, men har store problem med sine eigne regime.

2.Denne totalt mislykka NATO-offensiven mot den muslimske verda, har i tillegg skapt ein flyktningestraum som NATO ikkje vil ta ansvaret for, og som dei ikkje klarer å hanskast med. Denne flyktningestraumen, som kjem frå heile Nord-Afrika, Midt-Austen og Vest-Asia, er ei sprengkraft som er i ferd med å rive Europa-delen av NATO i filler. Denne sprengkrafta vil berre halde fram å vekse. 

3.Etter at NATO hadde bygd seg opp i Aust-Europa og på Balkan ved å fri til nasjonalistiske, anti-kommunistiske og anti-russiske krefter, tok dei også sjansen på å gjennomføre eit anti-russisk kupp i Ukraina. Men Ukraina er ikkje som Polen. Over halvparten av folket er nærare knytt til Russland enn til folkesetnaden i vest, og let seg nok ikkje så lett mobilisere til krig mot Russland. Dessutan gjorde NATO seg avhengig av vestvendte oligarkar, som først og fremst syter for seg sjølv. NATOs offensiv i Ukraina stansa heilt opp, og kuppregimet er i ferd med å bryte saman.

Framleis byggjer NATO på den tru at Russland skal smuldre opp under det presset NATO systematisk har bygd opp rundt landet. Sist reflektert mellom anna i den norske etterretningsjefen sin rapport til Regjeringa no i februar 2016.  Det er ei kjent sak at vestlege tenketankar i lang tid har tenkt at det skulle vere lett å bryte opp Russland, med alle sine etniske grupper og religionar. NATO har mobilisert muslimsk ekstremisme i randsona sør for Russland også med dette føremålet, men har hittil mislukkast. Og dei har mobilisert den vestvendte liberale intelligentsiaen i Russland med same føremålet, men har mislukkast også her.

Djupare sett byggjer dette sjølvsagt på ei euro-amerikansk tenkning om å vere dei progressive og beste i verda. NATO trur at andre folk vil bli NATO-frelste så snart leiarane til desse folka blir fjerna. Men folket kjenner leiarane sine. Det folket vil, er å bestemme sjølv. Også å fjerne leiarane sine, ikkje at NATO skal fjerne dei og bli dei nye leiarane   NATO har no trudd og prøvd dette i over 30 år. Dei lukkast i Jugoslavia (men obs. det er ikkje akkurat livslykke som pregar det «frigjorde» Jugoslavia enda heller!), men dei lukkast ikkje med første forsøk i Russland, dei har hatt totalkollaps i den muslimske verda, og det er stillstand med andre forsøket på å knekke Russland. Og Russland er sterkare enn nokon gong, og dei har Kina i ryggen om NATO prøver seg.

Viss NATO klarer å stelle i stand ein liknande flyktningestraum frå det austlege Europa som no frå den muslimske verda, vil Europa-delen av NATO bryte fullstendig saman. Viss NATO vil redde restane av seg sjølv, bør dei snarast  vende tilbake til avtalen om forsvarspakt og avskaffe dei delane som gjer dei til angrepspakt. I staden bør NATO no på lang overtid akseptere det andre stormakter i verda har bydd fram i lang tid: Ei multipolar verd med omfattande samarbeid om å bedre levekåra til det fleirtalet i verda som framleis har mykje å drøyme om.