John Melkild og boka Dikt
John Melkild og boka DIKT
John Melkild er ein lokal kulturberar. Stoffet i boka Dikt har vorte til over ein lang periode, og ofte i samband med lokal kulturell innsats. Boka er delt i bolkar etter emne.
Heimfjell og hulder.
Her er det både epistlar og dikt. Dei fortel om røtene. Og røtene er fylt av natur. Mellom anna av gaddar, tørrfuruer som eg hugsar John for rundt og fotograferte og har ein heil album med. Kvifor kan du kanskje finne ut om du les boka hans? Det var ein stor guteflokk på Mjølkill da John voks opp, og jenter med. Det er tydeleg at huldrene stod sentralt i fantasien, for far min var og oppteken av huldra. Huldredikta har namn etter namna på det fjellet han kjende så godt. Han fortel at han dikta dei til ei 17. mai-feiring, og ”at det var bra at eg befolka heimfjellet med desse mystiske og løyndomsfulle jentene. Dei gjev fjellet mitt kvalitet.” Så her ligg det vel noko meir? Bolken fortel og mykje lokal fjellhistorie av slikt slag som sjeldan vert nedskrive. Det er verdfullt.
Kleppen og Vinnu.
Her har John teke turar til naturen lenger borte enn til det heilt lokale. Til Øksendal og Sunndal, som og spelar ei stor rolle i boka, fordi dei er det større lokalsamfunnet som John harr levd i.
Sauer og dikt.
Korleis er det å vere sauehaldar? Her finst fleire overraskande svar. Dikta ”Pave John” og ”keiseren av Portugalien” står i denne bolken.
Ord og dikt om livet.
Her finn vi diktet”Ver vitne” om krigskyrkjegarden på Hol i Sunndalen, og andre dikt om det å vere menneske. Det er ein fin bolk!
I bolkane Gammeldans, Valg og politikk og Ulikt finn vi meir skjemtande og ironiske dikt om livet i bygdene, ofte med ein brodd både hit og dit.
Prologar
Denne bolken innheld prologar John har skrive til viktige hendingar i Øksendal og Jordalsgrend. Her er det mykje viktig lokalhistorie og viktige tankar om livet på ”grunnfjellet” i landet vårt.
Snipp Snapp Snute
I slutt bolken presenterer John eit eventyr han har dikta til barnebarna. John meiner forteljingar er svært viktige for menneska og menneskelivet. Det kjem fram i dei oftast episke dikta, og ikkje minst gjennom at han sjølv er ein stor forteljar, akkurat som mange av søskena hans og var.
Bilde og illustrasjonar
Dikt er ei svært vakker bok! Det skuldast ikkje minst bilda, der dotter til John med følgjsevenn, Mildrid Melkild og Erik Sundquist, har stått for mesteparten.
Forord
Astrid Sæter har skrive eit godt forord på vegner av Øksendal bygdelag, som er utgjevar av boka. Ein kan få kjøpt boka gjennom Øksendal bygdelag og bokhandelen på Sunndalsøra.
Nyeste kommentarer
Hei Magnar - takk for hyggelig telefonsamtale i dag. Jeg skal studere det som du sender nærmere. Veldig interessant. Mye om H. Rytter i Gjemnesbøkene også.
Ja, jeg mener det. Men plassen her er skral. Faren var av Rytterslekt gj. sin mor, mener jeg. Du kan ta kontakt på magnar.hu@gmail.com el 90849997
Har tilknyt. til Børset i Ø.dal. Min tippo.m.het Elen Larsdatter Børset f.1783 og var dtr. av Sigrid Johansdtr. Børset f.1757 og Lars Jons. Børset(?) Tror det er bindinger til Rytter-slekt?
Den som har skrevet dette er fra Øksendal, der far til Henrik Rytter ble født. (Jeg har hatt en telefonsamtale med deg en gang). Jeg kjenner det meste av familiens historie fra Øksendal og Stangvik.